Storstoga

Foto: Harald Haugland

Foto: Geir Daasvatn
Storstoga er ein lafta tømmerbygning frå 1650 på Ose. Eigedomen er gnr. 15, bnr. 2 i Bygland. Bygningen er ei gamal tingstove som stod på Heistad. Han er i 2½ etasje, 80 m² og har seks rom og kjøken. Storstoga er no brukt til utstillingar, mellom andre har Annemor Sundbø stilt ut frå strikkesamlinga si her.
Historie
Tre bønder på Ose kjøpte bygningen og flytta den til Ose, der dei tenkte å bruke henne til hotell fortel Oscar Handeland i kapitlet om Ingebjørg Berge i boka Kristenliv på Agder. Han skriv vidare:
- Men hotellplanane blei det ingenting av, og so tok Ingebjørg fatt og fekk folk med so dei kjøpte stova til bedehus. I 1907 eller 1908 flytte ho inn i andre høgda i storstoga, som dei seier i dalen, og der budde ho til sin døyande dag. I første høgda i den gamle tingstova med det eldgamle kjempe-tømmeret hadde dei møtesalen. Storstoga blei nå midtpunktet for det kristelege arbeidet i denne part av dalen. Og det var Ingebjørg som dreiv verket.
- Her fekk ho igang sundagsskule for borna frå heile grenda. Der la ho vel ned sitt meste arbeid.
I boka Norges bebyggelse : Sørlige seksjon Herredsbindet for Aust-Agder Vestre del er S/L Austad ytre kr. kvinneforening oppført som eigar i 1956. Då budde Bjørn Knutson Eldhuset som leietakar i Storstoga.
Kilder
- Norges bebyggelse : Sørlige seksjon Herredsbindet for Aust-Agder Vestre del 1956 side 85
- Oscar Handeland: Kristenliv på Agder. 1948 side 305