Einar Uleberg

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. mai 2012 kl. 23:12 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (fødselsdato)
Hopp til navigering Hopp til søk

Einar Uleberg (fødd 11. april 1953) er ein grossist i NM-medaljar frå Hornnes. Han er og ein veteran for Otra IL i Holmenkollstafetten, der han er den einaste som har sprunge alle etappane i «verdas største stafett». Han er sauebonde og arbeider i tillegg på Evjeklinikken. To gonger i veka spring han dei åtte kilometerane til jobben. Han er og gymlærar på KVS-Bygland.

2010

Han tok sin gullmedalje nummer 50 i veteran-NM 15. august 2010 i Florø då han vann 3000 meter hinder. Han tok også sølv på 400 meter hekk og 100 meter hekk.

2009

I august 2009 fekk han desse medaljane på Melløs stadion i Moss: Gull på 3000 m hinder, gull på 100 m hekk, sølv på 400 m hekk, sølv på 1000 m stafett – og bronse på 10 000 meteren.

Kjelder

Eksterne lenker