Mjåvatnet (Straume)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. juni 2017 kl. 08:05 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke Straume heieveg)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Vestre enden av Mjåvatnet 3. juni 2017.

Mjåvatnet er eit vatn i Straumsheia, aust for garden Straume og rett vest for Straumsfjorden, i Valle. Vatnet ligg 764 moh. og dekker eit areal på ca. 1,4 km².

Frå naturen si side har vatnet utlaup mot aust, til Straumsfjorden i Tovdalsvassdraget. Men kjøpmann Peder Lind starta opp med gruvedrift i Straumsheia på andre halvdel av 1600-talet. Han demde då opp Mjåvatnet med to stemmar, ein i aust mot Straumsfjorden og ein i vest mot Straume. Vasstanden blei heva med ca. 7 meter. Frå då av fekk vatnet hovudutlaup utfor lia ned mot Straume. Det gav Lind den vasskrafta han trong for å bygge ei smeltehytte på Straume.[1] Ved høg flomvasstand kan vatn framleis kome over terskelen i austre enden, og renne ned i Straumsfjorden.

I dag går det skogsbilveg frå Straume gjennom Straumsjuvet til Mjåvatnet.

Kjelder og eksterne lenker

Referansar

  1. Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 44-45

Kart

Laster kart ...