Veststedjan naturreservat
Veststedjan naturreservat er eit 250 dekar stort naturreservat vest for Skomedal i Bygland kommune. Det vart oppretta 10. oktober 1986 som ein del av Verneplan for myr i Aust-Agder og var det einaste myrreservatet i Bygland i denne planen. Ved opprettinga vart det kalla Vestedjan naturreservat, men 15. august 1988 vart føresegna endra og rett namn kom inn.
- «Føremålet med vern er å ta vare på eit relativt stort og naturleg avgrensa myrområde som inneheld både bakkemyr, flatmyr og strengmyr.»[1]
Veststedjan naturreservat ligg 540 moh vest for den 650 meter høge Hauglandsheii. For å kome dit fylgjer ein bomvegen som går inn frå Riksveg 9 sør for Skomedal.
Fagleg vurdering
Botanikar Asbjørn Moen besøkte området 19. august 1971. Han meinte at eit større myrlandskap i dette området burde vernast. Myrene ved Skåmfiti hadde vore større og betre å verne, men veger og grøfting hadde påverka dette området sterkt. Også myrene i Vestre Trældal kunne vore aktuelle å verne, ut frå bilete og kart, men han besøkte ikkje det området. Om Veststedjan skreiv han:
Verneverdi: 2 (-3)
- Myrtype
Myrene ligger som i el gryte omgitt av skogsåser. Oppover liene har bakkemyrene opp til 10 grader helling, mens flatmyrer dominerer i dalbunnen sammen med strengmyrer (fastmatte/mykmatte i veksling med løsbunnflarker). Mye erosjon og naken torv.
- Flora
- Erica tetralix, Narthecium, Juncus bulbosus, Juncus effusus, Juncus squarrosus, Sphagnum molle er suboseaniske arter.
- Betula nana, Sphagnum fuscum, Sphagnum lindbergii er nordlige innslaq. Salix repens fins. I fukthei står Leucobryum qlaucum.
- Vegetasjon
Bare fattig vegetasjon er registrert i Veststedjan. Fastmatte med Scirpus caespitosus-dominans er vanligst. Småtuer forekommer, men vanligere er mykmatter. Løsbunn forekommer i flarker og på eroderte partier. Ved bekker dominerer Molinia-samfunn.
- Inngrep
Ingen tekniske inngrep.
Referansar og kjelder
- Om Veststedjan i Asbjørn Moens rapport frå besøk i Agder og Rogaland
- Om Veststedjan hos naturbase.no