Søråni

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. mai 2017 kl. 07:11 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks og språkpuss)
Hopp til navigering Hopp til søk

Søråni er ei om lag fire kilometer lang elv i Bygland. Elva ligg i Jordalsbø og kjem frå Jordalsvatnet. Når elva kjem nedover mot Bygland sentrum kallast ho Kvålsåna, og renn ut i Byglandsfjorden. Heile Sørånivassdraget er på 70,3 kvadratkilometer ved utlaupet i Byglandsfjorden. Nedbørområdet strekkjer seg frå Byglandsfjorden og opp til fjellområda på 900 moh. Den øvste delen av vassdraget har noko snaufjell. I nedre deler er det skog og lyng. Området har høveleg lett tilgjenge, men Søråni er ei delvis bratt elv som er høveleg for kraftproduksjon, fallhøgda frå Jordalsvatnet til ein planlagd kraftstasjon er på 300 meter.

Det er gjeve konsesjon for Søråni småkraftverk. Konsesjon vart først gjeve i 2008 og gjaldt for 5 år. Men grunneigarane bak tiltaket klaga på fleire forhold i vedtaket. Dei fekk delvis medhald av NVE i nytt vedtak av 26. mars 2010. Mellom anna vart vilkåret om minstevassføring redusert, og auka slukeevne godteke. NVE sitt avslag på regulering av Jordalsvatnet vart ikkje gjort om. Arbeidet med kraftverket må ta til innan 5 år etter dette for at ikkje konsesjonen skal falle bort.

Kart

Laster kart ...

Kjelder

Eksterne lenker