Herefoss
Herefoss er ei grend i Birkenes, og ein tidlegare kommune i Aust-Agder. Staden ligg ved nordre enden av Herefossfjorden i Tovdalselva, og har namn etter ein foss i elva. Herefoss kommune blei slege saman med Birkenes og Vegusdal i 1967, til Birkenes kommune.
Herefoss høyrde i eldre tider til Råbyggelaget saman med Setesdal. Futane i Råbyggelag heldt til her frå 1680 til 1820 og sorenskriverane frå 1724 til 1852.
På Herefoss ligg Herefoss kyrkje. Ho er bygd i 1865. Sørlandsbanen går gjennom bygda. Herefoss stasjon blei opna 22. juni 1938. Stasjonen blei nedlagt i 1989.
Kjelder
- Artikkelen om Herefoss på Wikipedia (bokmål), besøkt 22. april 2017
- Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, Friluftsforlaget, Oslo 1956, side 398-423