Hopp til innhald

Skrelandsfossen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. april 2017 kl. 21:02 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke Skreland)
Skrelandsfossen 10. april 2017.

Skrelandsfossen er eit fossefall i Nordåni, mellom Skreland og Jordalsbø i Bygland. Nordåni er regulert med Nordåni småkraftverk, og vassføringa i fossen er normalt liten. Men i snøsmeltinga om våren og ved mykje nedbør på hausten kan Nordåni svulme kraftig opp, og fossen blir også mykje større.

Kjelder

  • Kart på nettsida til Statens Kartverk
  • Geir Daasvatn, besøk på staden, dokumentert med bilete