Georg Rosef

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. mai 2012 kl. 11:27 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Georg Rosef)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Georg Rosef (fødd 26. november 1916 på Evje, død 8. oktober 2006 i Oslo) var generalsekretær i Internasjonalt Kultursamband i 34 år. Han vaks opp på Evje som son åt Jakob Rosef, som omkom i Flåt Gruve før Georg var eitt år. Mora Sigrid vart seinare gift med John Rosseland og fekk sju barn. I 1928 flytte dei til Rosseland. Sidan gjekk han på amtsskulen på Galteland. Etter skulegang fekk han arbeid på laboratoriet på Nikkelverket.

Jakob Rosef var politisk engasjert på venstresida og lærte seg tysk for å fylgje med i det som skjedde i Tyskland. I september 1942 vart han arrestert og sendt til Kretsfengselet i Kristiansand. Etter ein periode med grøftegraving på Augland vart han i november same året sendt til Grini. 15. februar 1943 vart han sendt til Tyskland med transportskipet «Monte Rosa». Der kom han til Uranienborg, Sachsenhausen og Stutthof konsentrasjonsleirar. Ettersom han kunne tysk, vart han sett til å arbeide som sjukepleiar der.

Etter krigen arbeidde han på Nikkelverket til det vart lagt ned, då flytta han til Kristiansand og fekk arbeid som undervisningsleiar på Kjevik med fenriks grad. Han arbeidde og ei tid på Falconbridge før han reiste til Oslo for å studere jus. Men han vart sjuk og fekk ikkje fullført eksamen. I staden tok han eit kurs i bokføring for juristar og fekk jobb i kommunerevisjonen og på Oslo Lysverker før han i 1956 tok til i Internasjonalt Kultursamband. Her arrangerte han reiser til Aust-Europa.

Han etterlet seg søskena Birger, Solveig, Anna og Henry, svigerinner, nieser, nevøar og annan familie. Det var urnenedsetting ved Evje kyrkje onsdag 1. november 2006 klokka 15.

Kjelder

Eksterne lenker