Løylandsloftet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. mars 2017 kl. 12:44 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Språkpuss)
Hopp til navigering Hopp til søk
Løylandsloftet i dag.

Løylandsloftet er eit loft (bur) på gardsbruket Nedre Lande i Grendi. Loftet stod opphaveleg på eit bruk på Løyland i Valle, men blei flytta ned til Nedre Lande i 1934 av kulturberaren Jon Løyland. Han hadde kjøpt garden i 1930. I Norges Bebyggelse er byggeåret sagt å vere 1604.

Jon Løyland var ein stor kulturformidlar, og med Løylandsloftet hadde han sikra seg deg formidlingsarenaen han ønskte seg. Det kom skuleklassar på besøk. Seinare kom Lande med i NAF-boka. Endå fleire kom for å høyre på det Jon hadde å fortelje, og kanskje kikke innom samlingane i loftet.

Kjelder