Johs. Bjørkeli
Johs. Bjørkeli (født 1949) var journalist i Fædrelandsvennen. Han kom til Valle i 1982 og arbeidde dei første åra på kommunekasserarkontoret. Parallellt med dette var han frå 1987 freelancejournalist for Agderposten. Etter kvart vart det så fulltidsjobb i Agderposten. I 2001 begynte han så i Fædrelandsvennen, der han var deira journalist for Setesdal på lokalkontoret i Valle frå 2001. I april 2012 gjekk han av med AFP. Då vart han freelance att, han vil framleis skrive for Fædrelandsvennen.
Kjelde
- Janne Birgitte Prestvold: Dagens navn: Johs Bjørkeli, Valle. Artikkel i Fædrelandsvennen Innsikt fredag 4. mai 2012 side 32