Asborg J. Hornnes
Asborg Johnsdotter Hornnes (fødd 1871, død 1954) dreiv gardsbruk i Hornnes og var ei drivande kraft i Hornnes helselag, der ho stod som formann i mange år.
Asborg var dotter av John T. Hornnes på bruket Haugen i Hornnes-garden. Ho kjøpte jordeigedomen til den gamle Futegarden, naboeigedomen til Haugen, og bygde seg nye hus der.
Kjelder
Ola O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 344-345