Alf Juel Stausland
| Alf Juel Stausland | ||
|---|---|---|
| Født: | 14. juni 1914 | |
| Død: | 14. juli 1944 (30 år) | |
Alf Juel Stausland (fødd 14. juni 1914 i Evje, død 14. juli 1944) var instrumentmakar på Evjemoen og motstandsmann under andre verdskrigen.
Stausland blei arrestert av tyskarane 20. januar 1943. Han vart først send til Kristiansand, og etter det til Grini fangeleir. Seinere kom han til Natzweiler-Struthof, ein tysk konsentrasjonsleir sør for Strasbourg i det franske Elsass (fransk Alsace). Her døydde han 14. juli 1944. Namnet hans er hoggen inn i Minnesteinen ved Evje kyrkje over dei som sette livet til i kampen for fedrelandet 1940-1945.
Alf var gift med Gudny Stausland, som var dotter av Tellef G. Stien. Saman hadde dei dottera Marit. Gudny gifta seg seinare på nytt, med Olaf Hommen frå Evje, og tok namnet Gudny Hommen.
Kjelder
- Fangearkivet til Stiftelsen Arkivet i Kristiansand
- Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, AS Norsk Faglitteratur, 1956, side 207
- Sigmund Monen, Evje nikkelverk og bygda. Arbeidarhistorie, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 308-310