Rosenlund (Evje og Hornnes gnr. 55 bnr. 14)
Foto: Geir Daasvatn
Rosenlund er eit nedlagt småbruk (gnr. 55 bnr. 14) på garden Odde, der Almannavegen tek til frå Gautestadvegen, litt aust for Evje kyrkje. Eigedomen blei skild ut frå gnr. 55 bnr. 3 i 1915. Hovudbygningen er i følge Norges Bebyggelse oppført i 1916. Olav Lund (f. 1881) var første eigar. Etter han overtok sonen Trygve Lund eigedomen. Trygve var ein kjend idrettsmann og -leiar i bygda på den tid. Eigar i dag (2017) er Ånund Flaat.
Rosenlund sag, som ligg ved Oddeåna rett nord for Oddegossen, høyrde opphaveleg til denne eigedomen.
Kjelder
- Kart og opplysningar i grunnboka på nettsida til Statens Kartverk
- Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, AS Norsk Faglitteratur, 1956, side 226