Valle supperåd
Var eit forum rundt 1990. Motto: glupe idear, bygdeutvikling, gjere god, gamal setesdalskultur tilgjengeleg for moderne menneske.
Ein gjeng med kommunalt tilsettee og andre med god fantasi. Samlast kvar tysdag etter arbeidstid til suppe med rundstykke. Frå Trydal hadde vi to genuine karar: biletkunstnaren Bjørn Frode Egelandsdal og metallfantasten Lerøen. Han var oppteken av gruvene frå farne tider. "Kalven er på Kongsberg, kua på Straume" Bøgruva vart også drøfta. Lerøen fekk folk frå Evjemoen kome opp med metalldetektorar, og dei påviste litt funn.