Tysdagssending i Valle Radio 20170221
Tysdagssending i Valle Radio 2017-02-21 er sida til programmet i Valle Radio tysdag 21. februar 2017. Siri Johannessen var ansvarleg og teknikar.
Program
- Rodney Atkins: «Farmers daughter» frå albumet Take a back road
- Sigbjørn Bernhoft Osa: «På vestlandsk bondestemne»
- HM Kongens Gardes Musikkorps: «H.M. Kong Harald Vs honnørmarsj» frå albumet Alt for kongen
- HM Kongens Gardes Musikkorps: «Alt for Norge» frå albumet Alt for kongen
18.00 Programinformasjon
Kvarteret med Asbjørn Kvalbein sitt kåseri om lærevillighet (frå Norea mediemisjon)
- Oslo Gospel Choir: «Herre, lær meg Din vei» frå albumet Livets kilde
18.15 Over ein open Bibel
Over ein open Bibel med Jacob Trodahl over Daniel 4, 1-8: «Nebukadnesars vanvidd»]
- Hallgeir Greger: «Store Gud, vi lover Deg» frå albumet Jeg vil gi deg alt
18.30 Sangtimen
- Klangohalvtimen med Erling Drøsdal
- Homecoming radio med Jan Arvid Nygård
19.30 Aktuell time
- Tore Haugum, landbruksdirektør i Aust-Agder fylke er ein av innleiarane under motivasjonsmøtet på Revsnes Hotell klokka 19 i morgon, kva er hans tankar rundt temaet «Vekst og gründerskap innan landbruksbaserte næringar - moglegheiter og utfordringar i Setesdal»?
- Hellbillies: «Biologisk bonde» frå albumet Sylvspente boots
- Forfattaren Ole Thorstensen kjem til biblioteket på Bygland 27. februar kl. 12 for å tala om En snekkers dagbok saman med båtbyggjaren Ole-Jaob Broch. Kven er han – kva er viktig for han?
20.30 Postludium
Niklos K. Besteland hev den nederlandske komponisten Sweelinck med i kveld.
21.00 Kyrkjebakken
Kva skjer i dalen okkos komande veke?
- Leif Kvinlog veit meir om Damer i blues som kjem til Hovden grendehus torsdag 23. februar klokka 20
- Ei av damene er Margit Bakken: «Today and always» frå albumet On the other side