Haugan (Valle gnr. 70 bnr. 6)
Foto: Geir Daasvatn
Haugan er eit gardsbruk (gnr. 70 bnr. 6) på Helle i Hylestad. Det ligg lengst sør på Helle, rett på oversida (vestsida) av Riksveg 9. Eigar er Egil Åmlid.
På gardsbruket står eit gamalt loft (stabbur). «Det er eitt av dei venaste og best bygde i dalen», skriv Alfred Ryningen i gards- og ættesoga for Hylestad. Det skal vere reist av den medgjetne tømmermannen Knut Torjusson Helle (ca 1696-1766). Den eldste delen av våningshuset på eigedomen er frå 1600-talet.
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune I Gards- og ættesoge Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1985, side 128-138