Ragnhild Bjåen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. april 2012 kl. 13:21 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (eksterne lenker)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ragnhild Bjåen

Ragnhild Bjåen (fødd 31. desember 1972) driv Bjåen FjellstoveBjåen. Etter vidaregåande skule gjekk ho husdyrlinja på Norges Landbrukshøgskole på Ås og vart cand.agric. i 1998. Ho har også teke praktisk pedagogisk utdanning innan naturbruk og naturfag i 2004 og etterutdanning innan entreprenørskap og matkultur og fått med seg eit år på folkekunstlinja i Rauland.

Frå 1999 til 2001 var Ragnhild Bjåen produksjonsrådgjevar i Tine Meieriet Sør, deretter var ho lærar på Voss jordbruksskule til 2007, då ho starta opp att Bjåen Fjellstove. Året etter fekk ho ei 30% stilling som lektor på Setesdal vidaregåande skule. I tillegg arbeider ho på Bjåen fellesfjøs.

Ho fekk ein andreplass på SP-lista i Bykle 2011 og vart vald inn som medlem av Bykle kommunestyre. Elles er ski, friluftsliv, jakt, folkekunst og handverk aktivitetar ho har glede av i fritida.

Kjelde

Eksterne lenker