Evje og Hornnes sauealslag

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. februar 2017 kl. 21:06 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Styre 2017)
Hopp til navigering Hopp til søk

Evje og Hornnes sauealslag er ei interesseforening for saueeigarar i Evje og Hornnes. Laget hadde 24 medlemmer i 2013, og hadde som mål å få 30 medlemmer i løpet av 2014. På årsmøtet i 2014 valde laget Eivind Odd Kalhovd til ny leiar etter Tor Arne Heisel, som vart vanleg styremedlem. I tillegg vart Jan Hodne ny nestleiar, Alf Egil Kjebekk sekretær, Dag Erik Rosseland kasserar. Varamedlemmer blei Randi Knutsen og Ole Magne Omdal.

Laget tilbyr både radiobjøllemerking og praktisk hjelp i oppstarten for nye sauebønder. I laget er medlemmer med bare 4-5 vinterfora dyr. Frå 2012 til 2015 er talet på sauer i Evje og Hornnes auka frå 3 200 til 3 700.

Styre 2016

Eivind Odd Kallhovd, leiar, Dag Erik Rosseland, kasserar, Egil Kjebekk, sekretær, Tor Arne Heisel, nestleiar, Anders Tore Sløgedal, styremedlem

Styre 2017

Eivind Odd Kallhovd, leiar, Tor Arne Heisel, nestleiar, Egil Kjebekk, sekretær og Anders Tore Sløgedal, styremedlem.

Kjelder