Bjørgum

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 31. januar 2017 kl. 11:45 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Historie: litt om kyrkjene på Bjørgum)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bjørgum er ein gard (gnr. 67) i Hylestad, på austsida av Otra, i Valle kommune. Nabogardar i nord og aust er Hovet og Haugen. I sør ligg Straume. I vest skil Otra Bjørgum frå Rysstad. Busetnaden ligg på ei slette nede ved elva. «Bak» (nord-aust for) husa stig Husefjell bratt opp. Aust for dei fire gamle hovudbruka kjem Bjørgåni ned frå heia og renn ut i Otra i Bjørgevje. På sørsida av Bjørgåni og litt for seg sjølv ligg Kåsland, heimen til Hallvard T. Bjørgum.

Fylkesveg 332 tek til frå Riksveg 9Nomeland og går over Otra på Skagebrua forbi Hovet og Haugen fram til Bjørgum. Lokalt på Bjørgum heiter vegen Bjørgevegen.

Bjørgum kraftverk ligg på Bjørgum.

Historie

Det stod ei stavkyrkje på Bjørgum til ca 1664. Frå denne stavkyrkja stammar dei kjende Hylestadportalane. Etter stavkyrkja vart det bygd ei langkyrkje, som stod til rundt 1838.

Kjelder