Nomeland (Valle gnr 47 bnr 3 m.fl.)
Nomeland (Valle gnr. 47 bnr. 3 m.fl.) er eit gardsbruk på Nomeland på vestsida av Otra og vest for Valle sentrum. Gardsdrifta tok slutt rundt 1993, og jorda vert leigd bort. Eit stykke på ca 13 mål, der husa på bruket stod, er skild frå og har blitt ein eigen eigedom.
Historie

Mellom dei som budde på dette bruket før husa blei skilde frå var Torjus Nomeland og Petra Marie Nomeland. Eldste sonen deira, Olav Nomeland, overtok gardsbruket etter foreldra. Olav Nomeland gifta seg med Margit Åsmundsdotter Nomeland (fødd Åmli). Dei hadde to born saman; Petra Homme og Torjus Nomeland. Torjus fekk skøyte på eigedomen i 1974. Han budde ikkje på garden, men på Mosby i Kristiansand. Han døydde i 2016.
Det kjende tre-etasjers Nomelandsloftet stod på bnr. 3, men er i dag ein del av Setesdalstunet på Vest-Agder-musèet i Kristiansand.
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 647-660
- Heimesida til Nomelandshus