Klepp (Evje og Hornnes gnr. 37)
Klepp er ein gard (gnr. 37) heilt sør i Evje og Hornnes, på austre breidda av Otra. Nabogard i sør er Austre Hodne i Iveland. Fylkesveg 309 (Vånnevegen) går frå Hannås forbi Klepp til Landsverk og Vånne. Vegadressa på Klepp er Klepp skrivargard, eit minne om at sorenskrivaren i Austre Robyggelag heldt til her i eldre tider (slutten av 1700-talet). Elva Klepsåna renn ut i Otra ved Klepp.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind I, utgjeve av Bygland kommune, 2002, side 10
- Leonhard Jansen, Setesdal, setesdølar, Eidsvoll og 1814, hefte utgjeve av Setesdalsmuseet, 2014, side 12