LAGG ski & kaffe
LAGG ski & kaffe er ein nettbutikk, butikk og kafe på Hovden. Han vart registrert i 2010 av Kari Nomeland-Strømsøe under firmanamnet Laggs AS. Mannen hennar, Tobias Nomeland-Strømsøe er dagleg leiar. Omsetninga har vore om lag seks millionar kroner i året.
Lagg dreiv tidlegare skiskole i Hovden alpinsenter, men frå 2016 flytta dei verksemda si til Hovden sentrum.