Øyni

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. januar 2017 kl. 10:21 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet skrivemåte Lyngnes)
Hopp til navigering Hopp til søk
Øyni sett frå Lyngnes 17. oktober 2015.

Øyni (Prestøyni) er ei lita øy midt i Byglandsfjorden, mellom garden Hamre på vestsida og Lyngnes på austsida av fjorden, litt sør for Bygland sentrum. Det er i dag eitt bustadhus på øya.

Namnet

Øyni med Kviteflogi i bakgrunnen.
Foto: Geir Daasvatn

Den godkjende skrivemåten hos Statens Kartverk (1966) er Øyni. I daglegtalen i Bygland seier ein gjerne Prestøyni eller Prestøyne. På folkemunne heitte den fram til utpå 1700-talet Lauvdalsøyni. Men så kom der etter sigande ein prest som fekk medhald i ei rettsak, om at øya skulle høyre til prestegarden i Bygland. Etter det vart ho derfor kalla Prestøyni.

Historie

På 1800-talet var det to husmannsplasser på Øyni. Dei siste som budde der på 1800-talet for til Amerika i 1892. Sersjant Nordgård frå Byglandsfjord, som dreiv handel i Bygland, kjøpte øya. Han hadde ho i over 20 år, før han selde ho til Eivind Bygland på Gjesteheimen. Eivind hadde jobba som handelsbetjent for Nordgård i skulehuset på Bygland. I 1989 bygde Knut William Bygland, bornebornet til Eivind, hus og la ut straum og vatn/avløp til øya. Han budde der i 12 år, men flytta så til Langeid. I dag eig sonen Knut Bygland øya.

Seinare statsråd Lars Liestøl og ein student Geelmeyden minerte i Hamregruva rundt 1867. Dei leita også etter «koparåra», og skjerpa rundt forbi. Dei var til og med ute på Prestøyni. 17. mai 1867, klokka åtte om morgonen, fann student Geelmeyden kopar på øya. Lars Liestøl var også med då. Dei to meinte at Hamregruva stakk opp igjen her. Mannen som då var på øya, skal ikkje ha likt dette. «Eg kunne nok ha opna for dei, men eg vil ikkje, for der er den beste åkeren eg eig», skal han ha sagt.[1]

Kjelder

  • Norgeskart.no
  • Knut William Bygland, opplysningar på Facebook til Geir Daasvatn 8. januar 2017

Referansar

  1. Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 96-97

Kart

Laster kart ...