Hovden

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. januar 2017 kl. 01:19 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Utvidet litt med skiløyper og noen kjente arrangementer)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Hovden 250616.JPG
Hovden sett frå Hartevatn.

Hovden er ein tettstad i Bykle kommune om lag 24 km nord for Bykle kyrkjebygd. Staden ligg nord for Hartevatnet og hadde eit folketal på 397 per 1. januar 2016. Dei fleste bur like sør for sentrum, i området aust for Riksveg 9. Hovden er eit senter for vintersport, staden har kulderekorden for Aust-Agder på 38,0 minusgrader målt 8. januar 1982. I helgene om vinteren fyllest hytter og hotell på Hovden med folk frå heile Agder som vil bruke skianlegga på Hovden Alpinsenter. I høgsesongen om vinteren kan det vere opp til 20 000 menneske som vitjar Hovden samtidig. Andre tilbod til turistar er Hovden Badeland & Spa og Hovden jernvinnemuseum.

Fritidsbustader

I 1977 var det om lag 700 hytter i heile Bykle kommune. I 2014 er det 2584 hytter i kommunen. Dei fleste ligg på Hovden, der det har det blitt etablert ei rekke hyttefelt. I sør ved Hartevatn ligg Solheimsmoen hyttefelt, deretter kjem ein til Badstogdalen hyttefelt og Hartevassnuten hyttefelt. Ved Hartevatn vest for sentrum ligg Otrosåsen hyttefelt. Nord for dette ligg Bestestøylen hyttefelt og Djupetjenn hyttefelt. Vidare oppover i vest ligg Fjellparken, Hovdenut Alpin, Hovden Alpin Lodge og Nystøyl hyttefelt. Aust for Riksveg 9 ligg Gumpelia hyttefelt, Marnar hyttefelt, Børtemannsbekken hyttefelt, Remestøylsfloti hyttefelt og Hovdeseter hyttefelt.

Skiløyper

Det er rundt 170 kilometer preparerte skiløyper og 34,2 kilometer slalåmløyper i Hovden-området.

Arrangement

Det er mange små og store arrangement på Hovden i løpet av året. Mellom dei største er Rekordfestivalen og Hovden Tour.

Kjelder og eksterne lenker