Sveindal

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. januar 2017 kl. 00:03 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Sveindal Audnedal)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sveindal er ei lita grend nord-aust i Audnedal. Staden ligg like ved grensa både mot Åseral i nord og Evje og Hornnes i aust. Fylkesveg 42 som kjem frå Hornnes og går vidare vestover mot Tonstad, og Fylkesveg 455, som kjem frå Bjelland og går vidare nordover mot Åseral, kryssar kvarandre i Sveindalskrysset. Sveindal er såleis eit trafikk-knutepunkt. Ein sideveg, Butveitsveien, går sør-austover til garden Butveit.

I Sveindal er det to gardar, Austre Sveindal og Vestre Sveindal, som ligg på kvar si side av Mandalselva og Sveindal bru (bygd 1952).

På Vestre Sveindal ligger Sveindal museum, som er eit lite bygdemuseum.

Kjelder