Husmannsplassen Hagen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. desember 2016 kl. 10:13 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke Setesdølen)
Hopp til navigering Hopp til søk
Husmannsplassen Hagen i 2015.
Fil:Hagen husmannsplass Lauvdal Bygland 261216.jpg
Hagen 26. desember 2016.
Foto: Geir Daasvatn

Husmannsplassen Hagen ligg lengst nord på Lauvdal i Bygland. Plassen blei fråflytta på 1960-talet eller noko seinare, og har fått stå urørt sidan. I dag er han ein del av bygningsmassen til Setesdalsmuseet. Plassen ligg ved den gamle trasèen til Rv-9 gjennom bygda.

Husmannsskipnaden hadde eit stort omfang i delar av Setesdal. Hagen på Lauvdal er ein av dei få stadene der ei husmannsstoge er teken vare på i sitt opprinnelege miljø, utan ombygging m.m.

Historie

Hagen var husmannsplass under Nedre Nordgarden, og høyrde til bruket Nordlid. Det gjekk eit svært ras frå Ørnenapen eingong rundt 1792-1794. Mykje av den dyrka jorda i Nordgarden blei øydelagt av raset. Men den lille jordflekken som blei til Hagen, blei liggande igjen midt i ura.

Pål Gunsteinson Lauvdal (fødd 1839) skal ha vore den første som bygsla Hagen. Han blei i 1871 gift med Gunhild Jonsdotter Krosstog (fødd 1846). Bror til Pål, Saave Gunsteinson Lauvdal (fødd 1853) overtok Hagen og sat med plassen til han døydde i 1942. Saave var gift med Gunhild Sjølluvsdotter Lauvdal (fødd 1860). Eitt av borna deira, Gunstein S. Lauvdal (fødd 1897), blei verande i Hagen etter foreldra sine. Han var vegvaktar i Bygland, men blei buande i stoga i Hagen heilt til han flytta til Byglandsheimen i høg alder.

I nokre kjelder heiter det at Hagen blei fråflytta på 1960-talet. Men i eit intervju med Gunstein i Setesdølen ca. 1982 er det opplysningar som tyder på at han har budd der mykje lenger, til langt ut på 1970-talet.

Kjelder

Eksterne lenker