Lunden (Fennefoss)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. desember 2016 kl. 00:30 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lunnen (Fennefoss))
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lunden er eit gardsbruk (Evje og Hornnes gnr. 6 bnr. 10) på Fennefoss i Hornnes. Kåre Eidem har bruket i dag.

Historie

Før det kom ordentleg veg mellom Kristiansand og Setesdal, blei setesdølane ofte rodd på Otra frå Kile til Fennefoss. Her kom dei gjerne på kvelden, for det var ei lang strekning å ro. Det var store båtar, med tung last. Byklarane overnatta då mykje i Lunden, og eit loft i våningshuset kallast «Byklarloftet» den dag i dag. Loftet hadde eigen inngang, og det var inga dør frå loftet til resten av huset. Men byklarane måtte dele loftet med ei anna gruppe, så det blei like gjerne kalla «Fanteloftet». Folk frå Valle, Hylestad og Bygland hadde truleg andre gardar dei brukte å overnatte på når dei var på bytur.

Kjelder