Skaret (Evje og Hornnes gnr. 17 bnr. 7)
Skaret er eit nedlagt småbruk på Kjetså i Hornnes. Bruket blei skild ut frå Øvregarden på Kjetså i 1977. Notto Galteland skal ha bygd det første seteshuset. I 1954 bygde Jørgen Kjetså («Jøren i Skaret») nytt hus. Det er dette som står på staden i dag. Uthuset blei bygd i 1911, av Jøren og Knut Salveson Kjetså.
Henrik Wiberg og kona Sigrid Knudine Simonsen budde ei tid i Skaret. Truleg var det omkring 1908. Dei er forfedrane mellom anna til vegoppsynsmann Sigurd Wiberg i Evje og lærarinna Gunda Ropstad på Moisund. Gunda er kona til ordførar Bjørn Alfred Ropstad i Evje og Hornnes kommune.
Seinare, frå 1911 til 1923, budde Torborg Butveit og Svein Butveit i Skaret.
Etter familien Butveit hadde Jøren i Skaret staden. Han døydde 23. mars 1971.
John N. Kjetså i Valhall i Hornnes har eigedomen i dag.
Kjelder
- Alf Georg Kjetså, Skaret på Kjetså g.nr. 17 b.nr. 7, artikkel i Arnstein 2016, side 7-10