Nordenå

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. november 2016 kl. 21:54 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde av garden)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordenå (bnr. 1).
Utsikten sørover frå Nordenå.
Foto: Geir Daasvatn
Fil:Nordenå Åraksbø 111116.jpg
Nordenå høgt oppe i dalsida til venstre i biletet.

Nordenå er ein gard (gnr. 20) i Åraksbø. Han ligg i eit bratt parti i nordenden av Åraksbø, nord for Hovassåni. Bak garden stig fjella bratt opp. Garden hadde eitt bruk fram til 1851, då Kåsi blei skild frå.

På hovudbruket (bnr. 1) står det eit gamalt stabbur, truleg frå 1600-talet.

Namnet

Namnet kjem av gamalnorsk, og tyder garden eller staden nord for åna.

Historie

Nordenå er kjend i skriftlege kjelder frå 1567. På den tid skal folk i Åraksbø ha eigd garden. Men før 1600 ser det ikkje ut til å ha budd folk på garden, heiter det i Bygland gard og ætt (bind IV, side 285). Den første oppsittaren ein veit om er Kjetil Nordenå (ca. 1610). Frå ca. 1615 var det folk frå Sordal som budde på Nordenå, og også folk derfrå som eigde garden. Den første av desse var Knut Anderson Sordal. Borna til Knut, og etterkomarane etter dei, blei sitjande på Nordenå heilt til 1851.

I 1851 blei garden dela i to like delar, og eigaren Olav Knutson Nordenå reiste til Amerika. Nye folk kom inn, både på den delen som heldt fram som Nordenå (bnr. 1) og på den nye delen, som fekk namnet Kåsi (bnr. 2).

Kjelder