Hopp til innhald

Fjermedalen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. november 2016 kl. 17:40 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Fjermedalen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Fjermedalen er eit lite dalføre lengst aust i Iveland, på grensa mot Vegusdal i Birkenes. Dalen ligg i nord-sørleg retning. I dalbotnen renn Fjermedalsåna. Elva kjem frå Fidjelandstjønnane og fell ut i Fjermeroskilen i Ogge, ei lengde på 8-9 km. Kommunegrensa mellom Iveland og Birkenes går i sikk-sakk gjennom dalen. Langs elva går Fjermedalsveien frå Fylkesveg 405 i sør nordover til Nedre Fjermedal og Iveland og Vegusdal bygdemuseum. Rett aust for Fjermedal ligg garden Tveit (vestre). Vidare innover i dalen ligg Eikeland ved ein sideveg mot vest og Fjermedal Øvre mot aust. Sistnemde gard ligg i Birkenes. Vegen går eit stykke til nordover i dalen, til gardane Eveli og Vetrhus.

Kjelder

Kart