Gottlob Ferdinand Reinhardt
Gottlob Ferdinand Reinhardt (fødd 1783 i Tyskland) var kjøpmann i Kristiansand, der han dreiv handelshuset Reinhardt. Ved sida av å drive handel, var han verftseigar, skipsreiar, trelasthandlar og bankdirektør.[1] Reinhardt var såleis ein av dei store gründerane i byen, og et framståande medlem av handelsstanden.
Reinhardt sette også, saman med fleire andre investorar, i gang med gruvedrift etter kopar i Straumsheia i Hylestad og i Bøgruva i Valle, med tilhøyrande smeltehytte, Det Sæterdahlske Kobberværk, i Åraksbø i Bygland. «Industrieventyret» i Setesdal enda i fiasko, då Kobberverket gjekk endeleg konkurs i 1860.
Referansar
- ↑ Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 78