Amalie gruve

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. november 2016 kl. 10:45 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet skrivemåte Ramvatn)
Hopp til navigering Hopp til søk

Amalie gruve er ei nedlagt kopargruve eit lite stykke aust for sørenden av Ramvatn i Straumsheia i Setesdal Austhei i Valle.

Gruva ligg på toppen av ein amfibolittås, omlag 790 moh. Dei koparførande pegmatittgangane er avdekka langt bortover i terrenget, med grøfter og skjeringar i ei lengde på 200 meter. I tillegg til grøftene, er det frå aust til midt i gruvefeltet skote ut ein stoll som går vidare gjennom ein slepesynk og opp til ei skjering.[1] Pegmatitten i gruva inneheld hovudsakleg feltspat med litt kvarts, litt muskovittglimmer og noko granat. Koparmalmen her er koparglans med litt brokut kopar (bornitt).

Gruva er ein del av eit større gruvefelt, Straumsgruvene, i området rundt nordenden av Straumsfjorden. Fleire dreiv etter kopar her, frå midt på 1600-talet til rundt 1850. Amalie gruve kom i drift då Det Sæthersdalske Kobberværk starta stor gruvedrift i Straumsheia, med smeltehytte i Åraksbø i Bygland, i åra 1845-1850.

Kjelder/litteratur

Referansar

  1. Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 75

Kart

Laster kart ...