Farstø

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 30. oktober 2016 kl. 09:38 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Farstø Evje)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Farstø var ferjestad over Otra frå Evje-sida mot Faret ved utløpet av Dåsåna i Hornnes. Staden var truleg ferjeplass heilt tilbake i jernalderen.

Fram til det kom bru over Dåsåna rundt 1840, måtte ein også ferje over den elva. Av dei to fergestadane var overroet over Dåsåna det viktigaste. Ferjinga over Otra og Dåsåna var innarbeidde skipnader, som folket i dei bygdene som høyrde til distriktet var vane med å betale fartoll til. Heile Bygland prestegjeld, Evje, Hornnes, Iveland og Åseral skulle betale fartoll til fergemannen i Faret. Betalinga var gjerne kjøt eller korn.

Kjelder