Skreros

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. oktober 2016 kl. 17:07 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Skreros)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Skreros er ein gard (gnr. 157) i Vegusdal i Birkenes. Han ligg ved utlaupet av Skrerosåna i Ogge, ca. 1,5 kilometer austover frå Fylkesveg 405. Garden er rekna for å vere ein av dei eldste i Vegusdal. Han var ein av landnåmgardane, og blei truleg rydda omkring år 350 e.Kr.

Kongevegen, ein administrasjonsveg frå før Harald Hårfagres tid, gjekk gjennom Skreros-garden.

Det er registrert eit stort gravfelt på garden, med 12 graver. I to av desse er det gjort store funn frå folkevandringstida. På grunnlag av funna meiner ein å kunne slå fast at Skreros må ha vore eit høvdingsete i yngre jernalder.

Kjelder

  • Vegusdal - Gards- og ættesoge, utgjeve av Vegusdal bygdesogenemnd, side 549-577
  • Vegusdal - Kultursoge, utgjeve av Vegusdal bygdesogenemnd, side 32-35