Odden (Lauvdal)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. oktober 2016 kl. 14:25 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Odden Lauvdal)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Øynesodden Lauvdal Bygland gravrøys 201016.jpg
Gravrøysa på Odden.

Odden er eit lite nes som stikk ut i Byglandsfjorden sør for busetnaden på Lauvdal i Bygland. Neset ligg rett nord for eit anna lite nes på staden, Øynesodden.

Fornminne

Kloss ved fjellskæringa på Riksveg 9, på vestsida av vegen, ligg ei stor røys, ei såkalla åsrøys. Ho har diameter 10 meter og høgde 1 meter. Røysa er bygd rundt ei stor, naturleg steinblokk. Like ved ligg det ein bautaliknande stein. Ute på Øynesodden, 270 meter mot sør-vest, ligg det restar etter ei anna røys. Ho er 4 meter i tverrmål, og består nå bare av 1-2 lag med stein. Røysa er overgrodd og lite synleg. Alderen på desse røysene er ikkje fastslege. Men på Nånesodden på andre sida av fjorden ligg det ei røys som er sikkert tidfesta til yngre bronsealder.

Sjå også

Kjelder

Kart