Stigemo
Stigemo er ein stad på vestsida av Byglandsfjorden, sør for Storstraumen. Han var tidlegare husmannsplass under Nordgarden på Skomedal. På austsida av Fylkesveg 304, ned mot fjorden, er Stigemo hyttegrend planlagt med 27 fritidsbustader. Husmannsplassen låg på andre sida av vegen.
Kjelder
- Kommunekart.com
- Reidar Bolling, Gards- og ættesoge for Bygland, utgjeve av Bygland bygdesogenemnd, 1952, side 219