Rakkenes

Foto: Geir Daasvatn
Rakkenes er eit lite nes på austsida av Byglandsfjorden, mellom Grendi og Longerak. Neset har fine sandstrender, og er ein mykje brukt badeplass om sommaren.
Fornminne
Rakkenes er arkeologisk undersøkt. Det er funne spor etter ein buplass frå steinalderen.