Byremo

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. oktober 2016 kl. 08:58 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke Eben-Eser)
Hopp til navigering Hopp til søk

Byremo er ein tettstad og eit skulesenter i Grindheim nord i Audnedal. Her ligg Byremo vidaregåande skule, Byremo barneskule og Byremo ungdomsskule. Ungdomsskulen er interkommunal for Audnedal og Hægebostad. Her er også Byremo barnehage. I skuleområdet er det idrettshall, symjehall og idrettsanlegg med kunstgrasbane for fotball. I tettstaden er det to bedehus, Byremo bedehus og Eben-Eser Byremo. Grindheim kyrkje ligg på garden Grindheim, rett nord for Byremo.

Fylkesveg 460 går sørfrå gjennom Audnedalen forbi Byremo til Fylkesveg 42 ved Håland.

Grindheim var eigen kommune frå 1902 til heradet blei slege saman med Konsmo til Audnedal kommune i 1964. Byremo var i desse åra administrasjonssenteret. I dag ligg det på Konsmo.

Kjelder