Fiskeløys (Heistad)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. oktober 2016 kl. 23:54 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke Nyestøyltjønni)
Hopp til navigering Hopp til søk
Vatnet sett nord-vestover frå parkeringsplassen ved inntakstunnelen til kraftstasjonen.
Fil:Fiskeløys inntak til tunnell Hovatn kraftverk 051016.jpg
Inntaket til tunnelen som fører vatn til Hovatn kraftstasjon.
Foto: Geir Daasvatn
Fil:Fiskeløys dam 051016.JPG
Den vesle fyllingsdammen som stenger det naturlege avlaupet frå Fiskeløys.
Foto: Geir Daasvatn

Fiskeløys er eit vatn på heia (702 moh.) nord-aust for Heistad i Bygland.

Vatnet er regulert. Det får tilført vatn frå Byrtingsvatnet via tunnel. Det naturlege avlaupet til Nyestøyltjønni er stengt, og vasstanden er heva med ein meter. Vatnet blir i staden ført gjennom tunnel til driftstunnelen til Hovatn kraftverk nede i dalbotnen.

Det går skogsbilveg (bomveg) opp lia frå Nordre Heistad til Heisvatn og Fiskeløys. Veg går også vidare til Sandvatn, men dette siste stykket er stengt med kjetting frå snuplassen ved Fiskeløys.

Kjelder

  • Bygland på Kommunekart.com
  • Plakat/oppslag ved bom på skogsbilvegen som går inn til vatnet
  • Svein Jakob Saltveit, Fiskebiologiske undersøkelser i forbindelse med planer om overføring av Heisvassdraget til Hovatn, Aust-Agder, rapport utgjeve av Laboratorium for ferskvannsøkologi og innlandsfiske, 1983, side 6

Kart

Laster kart ...