Skore
Skore er ein fråflytta gard (gnr. 16) oppe i lia aust for Ose, på austsida av Otra, nord i Bygland. Garden grensar til Søndre Austad i nord og Åraksbø i sør. Grensa mot Åraksfjorden (Otra) i vest er ca to km. Totalt areal på garden er rundt 2 300 dekar.
Kvar sommar er det støylsgudsteneste på Skore andre sundag i juli.
Historie
Skore må i si tid ha gått ut frå Austad. Når dette skjedde veit ein ikkje. Men garden må ha blitt lagt øyde i tida etter Svartedauden (etter 1350). I nyare tid kom det folk på Skore rundt 1620. Garden blei fråflytta ut på 1960-talet.
Kjelder
- Støylsgudsteneste på Skore i Bygland. Artikkel i Setesdølen nr. 54, 2013 side 2
- Reidar Vollen, Bygland Gard og Ætt, bind III, utgjeve av Bygland kommune, 2005, side 689-748