Bernhard Folkestad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. september 2016 kl. 10:20 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Bernhard Folkestad)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bernhard Folkestad
Født: 1946 (alder 79–80)

Bernhard Folkestad (fødd 1946) vaks opp i Vestfold. Han utdanna seg til lektor og har arbeidd i vidaregåande skule i Finnmark, Nordland og Møre og Romsdal. Han har vore aktiv i frivillig arbeid innan TenSing og sokneråd, samal inn folkemusikk i Hamarøy, drive med visesong og instrumentbygging.

I 1998 var han med då Norsk Munnharpeforum vart stifta. Han vart med i styret for organisasjonen og var med der til 2011. I tillegg vart han redaktør for medlemsbladet Munnharpa. Han spelar sjølv munnharpe på høgt nivå og har ei stor samling av munnharper som han stiller ut på munnharpefestivalane.

17. september 2016 var han instruktør på kurs under Den Norske Munnharpefestivalen 2016Bykle Hotell

Heder

  • Æresmedlem i Norsk Munnharpeforum frå 2013

Kjelder