Veiågjuvet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. september 2016 kl. 12:03 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet litt i både geografi og geologi)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Gloppefossen Veiåjuvet Valle 200816 (2).jpg
Veiågjuvet sett vestover frå toppen av Gloppefossen. I bakgrunnen skimtar ein Setesdalen.

Veiågjuvet er ei djup fjellkløft, ein canyon, lengst aust i Veiådalen nord-aust i Valle. Veiådalen går «på tvers» av hovuddalføret Setesdal. Dalen strekker seg frå Otra nord for Lundane ca 2 km austover til sjølve gjuvet og Gloppefossen. Gjuvet endar brått i rundt 300 meter høge nesten loddrette fjellsider.

I botnen av gjuvet renn Veiåni. Nord for gjuvet stig Ruafjødd (1069 moh.) bratt opp frå dalbotnen. Det går skogsbilveg, traktorveg og sti langs elva inn til Gloppefossen, som er eit populært turmål.

Kart

Laster kart ...

Kjelder