Hopp til innhald

Ingebjørg Kjelleberg

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. september 2016 kl. 09:00 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke Åmli)
Ingebjørg Kjelleberg
Født: 12. september 1950 (75 år)

Ingebjørg Kjelleberg (fødd 12. september 1950) er tidlegare eigar av Valle Motell saman med Hallvard Kjelleberg. Ho vaks opp på Rysstad. Ho gjekk på realskulen i Åmli, deretter reiste ho til Oslo og gjekk på Treiders handelsskole. Deretter fekk ho jobb på Norsk Polarinstitutt i eit år før drog til Kristiansand og jobba på Kristiansand Ligningskontor i eit par år før ho flytta heim til Valle og gifta seg med Hallvard i 1972. Den første tida i Valle jobba ho på Brokke Kraft, men etter eit par år der, vart det så mykje arbeid på Valle Motell at ho slutta der.

Kjelde

  • Munnleg informasjon frå Ingebjørg Kjelleberg 31. august 2011