Veiågjuvet
Foto: Geir Daasvatn
Veiågjuvet er ei djup fjellkløft, ein canyon, nord-aust i Valle. Gjuvet går «på tvers» av hovuddalføret Setesdal, og strekker seg frå Otra nord for Lundane austover til Gloppefossen. Her ender gjuvet brått i rundt 300 meter høge nesten loddrette fjellsider. Gjuvet er blitt til ved iserosjon.
I botnen av gjuvet renn Veiåni. Nord for gjuvet stig Ruafjødd (1069 moh.) bratt opp frå dalbotnen. Det går skogsbilveg, traktorveg og sti langs elva inn til Gloppefossen, som er eit populært turmål.
Kart
Kjelder
- Johan Christian Frøstrup, Vandringer i Setesdal Austhei, Friluftsforlaget, 2014, side 194 m.fl.
- Tom Egerhei, Fylkesmannen i Aust-Agder, Samlet plan for vassdrag, Vassdragsrapport, Aust-Agder fylke, Bykle kommune, nr. 115 Otra og nr. 31 Brokke, mars 1984