Veiågjuvet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. august 2016 kl. 14:59 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde av gjuvet)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Gloppefossen Veiåjuvet Valle 200816 (2).jpg
Veiågjuvet sett vestover frå toppen av Gloppefossen. I bakgrunnen skimtar ein Setesdalen.

Veiågjuvet er ei djup fjellkløft, ein canyon, nord-aust i Valle. Gjuvet går «på tvers» av hovuddalføret Setesdal, og strekker seg frå Lundane ved Otra austover til Gloppefossen. Her ender gjuvet brått i rundt 300 meter høge nesten loddrette fjellsider. Gjuvet er blitt til ved iserosjon.

I botnen av gjuvet renn Veiåni. Det går skogsbilveg, traktorveg og sti langs elva inn til Gloppefossen, som er eit populært turmål.

Kjelder

  • Johan Chr. Frøstrup, Vandringer i Setesdal Austhei, Friluftsforlaget, 2014, side 194 m.fl.
  • Tom Egerhei, Fylkesmannen i Aust-Agder, Samlet plan for vassdrag, Vassdragsrapport, Aust-Agder fylke, Bykle kommune, nr. 115 Otra og nr. 31 Brokke, mars 1984