Veiågjuvet
Veiågjuvet er ei djup fjellkløft, ein canyon, nord-aust i Valle. Gjuvet går «på tvers» av hovuddalføret Setesdal, og strekker seg frå Lundane ved Otra austover til Gloppefossen. Her ender gjuvet brått i rundt 300 meter høge nesten loddrette fjellsider. Gjuvet er blitt til ved iserosjon.
I botnen av gjuvet renn Veiåni. Det går skogsbilveg, traktorveg og sti langs elva inn til Gloppefossen, som er eit populært turmål.
Kjelder
- Johan Chr. Frøstrup, Vandringer i Setesdal Austhei, Friluftsforlaget, 2014, side 194 m.fl.
- Tom Egerhei, Fylkesmannen i Aust-Agder, Samlet plan for vassdrag, Vassdragsrapport, Aust-Agder fylke, Bykle kommune, nr. 115 Otra og nr. 31 Brokke, mars 1984