Landsverk (Evje og Hornnes gnr. 54)
Foto: Geir Daasvatn
Landsverk (Landsverk, nordre) er ein gard (gnr. 54) i Evje, i skogen sør-vest for Flåt nikkelgruve. Evje og Hornnes kommune eig grunnen. Garden er for lengst fråflytta. Bare nokre murar står igjen i terrenget og viser kor husa stod. Evje Mineralsti går gjennom garden. I området ligg også dei fem Landsverkgruvene.
Historie
Landsverk blei skild ut frå Odde i mellomalderen.
Evje nikkelverk kjøpte Landsverk-garden. Først budde stigeren i Flåt-gruva her. Seinare blei det ingeniør-bustad. Men ingeniørane dreiv ikkje garden. Det gjorde ein forpaktar. Han hadde eit lite hus på andre sida av gardstunet. Husa brann ned på 1970-talet, då det var leirskule på Landsverk.
Kjelder
- Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Evje, artikkel i Arnstein 2008, side 33-38
- Gardskart på nett
- Plakat/oppslag på skilt ved garden