Øygard
Øygard er det vanlege ordet i Evje og Hornnes for «støl» («støyl») eller «seter». Likt med setra eller støylen, er øygarden staden der ein låg med krøttera om sommaren og hadde slått.
Bakgrunn
Oddmund Mogstad skriv om korleis øygardsnamnet truleg kom til i Evje og Hornnes i Arnstein 2011, side 48:
«Før Svartedauden heitte det nok «støyl» i Evje og Hornnes også, som i Setesdal. Namn som Heimestølen på Syrtveit, og Myklestøyl både i Hornnes og Evje tyder på det. Men etter Svartedauden vart dei fleste av støylane liggande på stader der det før hadde vore gardar, og nemninga øygard kom i bruk om seter. Denne bruken går frå Åseral gjennom skogområdet heilt til Hadeland, der heiter det og «øggær».
Mykje av den same forklaringa er gitt i Kulursoga for Evje og Hornnes (band I, side 86):
«Etter Svartedauen blei mange gardar liggande øyde som før hadde vore folkesette. Jorda blei seld til og lagt inn under meir sentrale gardar der det enno budde folk. Kanskje kunne jord bli liggande eigarlaus. Den blei teken i bruk til støl av folk nede i bygda, og dei som brukte jorda, kunne vel då etter som åra gjekk, få hevd på henne. Når såleis mange øydegardar blei brukte som støl, blei nemningane øygard og støl (støyl) synonyme omgrep, og nemninga øygard kunne au bli brukt om stølar som aldri hadde vore gardsbruk.»
Kjelder
- Oddmund Mogstad, Seterdrift i Evje og Hornnes, Arnstein 2011, side 48-56
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, side 83-92