Prolog til 50-årsfesten i Valle Helselag

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. juli 2016 kl. 11:05 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (prolog)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Prolog til 50-årsfesten i Valle Helselag var skriven av Ingebjørg Rike til 50-årsjubileet for Valle og Hylestad Helselag.

Solkverv

<poem> I dag let me tankane vende tilbake, eg trur eg vil kalle det eldgamle dage. Femti år er so uendeleg lenge, tenk på den velstand me no heve fenge.

Det var kje så rart her i dalen den tida, me såg då så jamleg at folk måtte lida når sjukdomen sneik seg i heimane inn. Framkomst og helsestell var ikkje bare, tenk berre på dei som i hast laut av garde. For all denne liding eg ord ikkje finn.

Dei kom ikkje fram på to timar som nå. I snøføykja augna dei slett inga råd og døden var vissaste vegen Det hendte so tidt når bilen stod fast at livstråden slitna og auga det brast. So var det å snu med den kjære, snu heimatt med sorga den svære.

So ha me ein del som var einsame gamle som stridde åleine i sjukdom og sut. Dei ha’ inga hand til å hjelpe i nauda or uføret fann dei kje ut – Det var berre liggje og vente på døden, einaste denne dei hjelpte i nøden. Å du for ei tilstand det var då myrkret låg over vår dal.

Men so kom den tida då sola seg vende og hjelpa me fekk i dei strålar ho sende. Eit helselag fekk me i sving. Om dette slo alle ein ring og ofra det vesle me kunne. På børa me lyfte uppunde. Og sidan det smertefritt gjekk. Omsider ei syster me fekk som rekte dei sjuke ei hjelpande hand og vyrde kje slitet eit einaste grand.

Frå Bjåen til Besteland – milin er lange. Strabasan vorte bå vonde og mange. Sykkel og spark – og på apostlanes hesta. Slik framkomst dei stakkaran ofte laut mestra Dei vyrde ingen ting og alt kom i sving når dei sine sjuke fekk gjesta.

Løna for slitet var skral denne tida, kommuen og staten dei let okko bia. Det vart berre sjervar frå Per og Pål og basaren ha me kvart einaste år. Og dette laut rekkja til løna. For få noko meir var kje bøna Eg trur ikkje løna i månen rakk hundre. I dag må me berre sitja å undre Koss i all verda det gjekk, at systrar me verkeleg fekk. Men åra hev sikla å runne, over kneiken hev me no vunne. Å du for ein framgang i dalen.

I skulen der gjord dei bå vaska og bala Or skolten med tett-tinda kambar dei hala Ein masse av gnagande troll. Eg frys i min kropp når eg tenkjer attende Men gled meg dess meir – no når sola seg vende Og grøda gav tusenvis foll.

Me takkar av hjarta dei fyrste som våga Seg ut på så bårutt eit hav. Um bylgjone braut, heldt dei trufast i åra, Og båten sokk alli i kvav. Ein del er blitt borte og søv i si grav Me minner dykk alle for alt det de gav Eit vemod vil på okko strøyma Nei aldri so kan me dykk gløyma.

I dag me festar – og det med glede Me skulle plent om vår framtid kvede. No hev me fenge so vent eit bygg Oppi Leitestykket der ligg han trygg.

Der samlar me alle gamle – sjuke Der vert dei stelte med henda mjuke Gode mat’e – og medisin Og atmosfæren er rein og fin.

Der kjem ein masse og for dei spelar Og syng og talar – til dei som tvilar Her får dei mat, bå for kropp og sjel Sjølv døden synest kje vere fæl.

I dag me takkar bå kar og kvende Som stod ved roret og stormen vende. Men ein ting vil eg få rope ut: Den største takken gjev me til Gud. <poem>

Kjelder