Kallefossbruene
Kallefossbruene er to bruer i fagverk av stål på Fv-330 over Otra ved Kallefoss i Valle. Kallefoss bru 1 er den vestre brua, og er 40,5 meter lang. Kallefoss bru 2 er brua nærast Rv-9. Ho er litt kortare, bare 29,5 meter lang. Bruene vart opna i 1933.
Kjelder
- Reidar Tveito, Riksveg 9 - Bruer og særtrekk langs vegen, utgjeve på eige forlag, 2014, side 184-185